Vestlandsk Sommarsymfoni 2026
Sat 1st August 2026
Sophus Lie-vegen 3, Nordfjordeid
Date:Sat 1st August 2026
Doors:17:45
Starttid:18:00
Curfew:20:00
Tags:#symfoni #klassisk #orkester
Type:Concert
Cover:NOK 200
symfoni
klassisk
orkester

Vestlandsk Sommarsymfoni er tilbake pĂ„ Nordfjordeid – for 48. gong!

FrĂ„ 25. juli til 1. august blir det igjen liv og rĂžre i Eid nĂ„r Vestlandsk Sommarsymfoni gĂ„r av stabelen. Kurset blir arrangert av Norske Symfoni-Orkestres Landsforbund(NASOL), og som vanleg er Fjordane FolkehĂžgskule det musikalske samlingspunktet – ein stad som kombinerer fantastiske omgjevnader, gode fasilitetar og eit inkluderande og dyktig vertskap. HĂžgdepunktet vert festkonserten i Operahuset Nordfjord laurdag 1. august kl. 18.00.

Deltakarane kjem frĂ„ heile landet og spenner frĂ„ engasjerte amatĂžrar til musikkstudentar og lĂŠrarar. MĂ„let er klart: Ă„ samle eit fullt symfoniorkester og arbeide med store verk ein sjeldan fĂ„r hĂžve til Ă„ spele i kvardagen. Dei fleste deltakarane kjem frĂ„ mindre orkestermiljĂž, og difor er denne veka eit hĂžgdepunkt bĂ„de musikalsk og sosialt. I Ă„r stiller kring 80 musikarar frĂ„ heile landet – eit mangfaldig og inspirerande ensemble!

NASOL hentar inn dyktige instruktĂžrar som bĂ„de inspirerer og underviser med hĂžg fagleg kvalitet og varm tilnĂŠrming. Dei er ikkje berre lĂŠrarar – dei er ogsĂ„ miljĂžbyggarar som bidreg til den heilt spesielle stemninga pĂ„ kurset.

Vi har i Ă„r som i fjor med oss dirigent Aage Richard Meyer, som leiar Ă„rets hovudorkester. Aage har tidlegare vore assistentdirigent ved Bergen Filharmoniske Orkester (2020–2023), og har dirigert mellom anna Oslo Filharmoniske Orkester, Stavanger Symfoniorkester, Trondheim Symfoniorkester og fleire av landets militĂŠrkorps. I 2022 debuterte han ved Den Norske Opera og Ballett med Verdis «Maskeballet», i samarbeid med Edward Gardner.

Programmet byr pÄ mektige tonar og store kjensler:

· Guiseppe Verdi: Skjebnens makt, overtyre

· Camille Saint-Saëns: Morceau de Concert

· Antoin Bruckner: symfoni nr. 4 (Romantiske)

Dirigent: Aage Richard Meyer
Harpesolist: Stella Birthe Poland

Stella Birthe Poland(24 Är) er ein harpist frÄ Hornindal som har gÄtt pÄ musikklinja pÄ Firda vgs og Klassisk strenger pÄ Toneheim folkehÞgskule. Ho representerte Hornindal pÄ samanslÄingskonserten med Volda kommune, og kom til Semifinalen i Norske talenter i 2018. Ho har ogsÄ vÊrt med som harpist i TV seriene Lovleg og Ligaen. Itillegg sÄ har ho spelt pÄ Sagastad, og vÊrt innom nesten alle kyrkjene i nÊromrÄdet. For tida bur ho i Oslo kvar ho har jobba hardt med Ä heve nivÄet sitt. Ho har lykkast med det og skal begynne som student hos Norges MusikkhÞgskule til hausten 2026. Stella har spelt med fleire orkester i nÊromrÄdet som SunnmÞre Ungdomssymfoniorkester og SoFork, og ho har vÊrt med Vestland Sommersymfoni opp til fleire gangar. Dette er fyrste gangen ho skal spele solo med orkester, og gleder seg til Ä gjere det sammen med VSS i kjente trakter.

Rullestol? Kontakt post@operahuset.no